Informasjon om bruk av agilitybanen

No har me endeleg fått på plass agilitybanen i Rubbestadneset – tusen takk til dåke som har vært med å jobba dette fram J .

For at dei som ønskjer det skal få mulighet til å være med å trene agility – må me setje opp nokre ”reglar”.

Agilitybanen er låst (for å forhindre hærverk), me gjer det slik at kun dei som har agilityKURS, får utdelt nøklar – dei som ikkje har kurs, må leggje lag med desse personane når dei går å trenar. Dette gjer me først og fremst pga sikkerheten til hundane, og dei som er nybegynnarar kan få rettleiing av dei litt meir erfarne / er og veldig greitt å vere to personar når ein skal lære inn enkelte apparat.

Me ber om at Facebooksida til klubben blir aktivt brukt i denne samanheng
, og at dei som har kurs/nøklar legg inn ei melding her når dei går å trenar.
Skal og sende ut ei liste med namn/telefonnr. på dei som har nøklar når dette systemet er meir ”oppe å går”.
Torsdagar har grunneigar ”hevd” på parkeringsplassane rundt banen – så går dåke å trener denne dagen MÅ dåke parkere nede på kaien i Rubbestadneset.

Me satsar på å få litt meir etablerte treningstider når det lysnar litt meir på kveldane.

Me har allerede halde to kurs, og det blir fleire - føl med på heimesida og/eller facebooksida vår.

Nøkkel får du utlevert ved å kontakte Cathrin på tlf. 40 22 15 95 / eller
bhk@haugnett.no . Me tar eit depositum på kr. 100,- for nøklane.

Elles skal ikkje banen brukast til frislepp eller lufting av hundane , dette for å forhindre ”nedpissing” av apparata og banen (då blir hundane meir interesserte i å gå rundt å lukte/markere – enn å trene).

Anbefaler at hundane får seg ein god luftetur før dåke går inn på banen, både for å få gjort sitt fornødne og å varme litt opp før de startar treninga. BRUK POSE! (etter kvart kjem det opp boss-stativ på området – foreløpig må dåke ta dei med å kaste dei sjølv).

Hundane bør og vere rundt året før dei begynner agilitytrening. Litt avhengig av størrelse på hunden, - er den liten kan dåke kanskje begynne før, og er det ein stor rase bør dei kanskje vente enda litt lenger.

Er dåke nybegynnarar er det lettast å trene agility med hunden i band – då går det og greitt å vere to-tre hundar inne på området samtidig (og øve på eit og eit apparat). Når hundane blir flinkare, og dei skal gå heile banen (både med og utan band) – må ein bytte på å vere inne på banen.

Då håper me at denne splitters nye agilitybanen blir til nytte og hygge for medlemane i Bømlo Hundeklubb J

Har dåke spørsmål, ta kontakt.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

22.01 | 15:48

Vi håper å få til et nytt kurs i løpet av våren. Det blir annonsert både på hjemmesiden vår og facebooksiden vår i god tid.

...
22.01 | 13:29

Noen som hvet om det blir satt opp flere kurs i agility

...
08.09 | 13:08

Har ikke satt opp noe kurs i høst. Blir det stor etterspørsel kan det hende vi kan sette opp et kurs senhøstes/vinter. Se også http://www.din-hundeskole.no

...
03.09 | 12:27

Blir det valpekurs i høst?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE