 |
 |
|
 |
 |
AKTIVITETSDAG søndag 28. august ved Bremnes Ungdomsskule. Her vert det lagt opp til omlag dei same aktivitetane som i fjor, agility, rallylydighet, barn og hund, spor, hundeløp etc. Sosialt samvær med hundevenner og grilling. Til dette blir det påmelding og invitasjon blir sendt ut etter ferien.
Oppstart felles-/sosialiseringstreningar ONSDAG 31. august kl 1900 ved Bremnes Ungdomsskule.
Det blir nok kalla inn til dugnad på agilityområde tidleg haust, me håper så mange som mogleg har anledning til å delta på dette. Får me dette i orden, blir det og agilitykurs i løpet av hausten. Men først må me altså få orden på banen. Ta gjerne kontakt allereie no om du kan tenkje deg å vere med i dugnadsgjengen. E-post bhk@haugnett.no
Sporsamling? Ta kontakt med Therese Brendesæter (mail: mammashus@hotmail.com / tlf: 99280611) om du er interessert.
Fellesturar Søndag 25. september kl 1500, Barmane - Goddo (parkering rett over Goddebrua) Søndag 30. oktober kl 1500, Hallerakerløypa Søndag 27. november kl 1500, Saga - Mækjebakken
Seinhaustes vert det sett opp eit kurs i innføring i lydighet, meir info. følgjer når datoen er fastsett.
Medlemskveld/temakveld, fredag 25. november.
Føl og med på facebooksida vår Bømlo Hundeklubb, frivillig organisasjon.
|
|
 |